framside

OBOSliga-kamp mellom Sogndal-Jerv under Lerum Cup

Eitt av høgdepunkta under Lerum Cup er fotballfesten på Fosshaugane Campus med A-laget i aksjon.

-       Det  er  alltid  ei  spesiell  ramme  rundt  kampane  under  Lerum  Cup. Det er fulle tribunar og stor stemning. Både me i trenarteamet og spelarane ser spesielt fram til desse kampane, seier trenar Eirik Bakke.

Årets motstandar er eit lag me ikkje har møtt mange gonger, faktisk berre to i talet. Me gler oss til å ynskje Jerv frå Grimstad velkomen til fotballfest.

I opprykksåret 2015 spelte me to seriekampar mot Jerv, dei einaste i nyare historie. Det vart 0-0 borte, og heime snøyt sørlendingane oss for tre poeng då dei skåra utlikningsmålet til 1-1 godt på overtid.

Jerv har levert bra i OBOS-ligaen dei siste åra, og trenar Arne Sandstø er ein lur ringrev som har fått mykje ut av laget frå sør. Dei går sjeldan på eit tap og er eitt av ligaens beste lag.

Det ligg an til eit spennande oppgjer på Fosshaugane Campus!

SOGNDAL – JERV

Søndag 24. juni kl.20:00, Fosshaugane Campus

Kjøp din kampbillett på sogndalfotball.no

Følg oss!

Det vil skje mykje på dei ulike plattformane våre under Lerum cup. Få med deg alt fra viktig informasjon til morosame konkurransar. 
Lerum Cup kan du fylgja på mange forskjellige sosiale medium, og her er ei oversikt over desse:

Instagram:
Me heiter lerumcup.fotball og nyttar emneord #Lerumcup.

Facebook:
Lerum Cup er på Facebook, og her vil me publisera  alt av info om cupen samt filmar og bileter frå cuppen. Her er lenkje til vår Facebook-side.

Snapchat:
På Snapchat vil det komme morosome klipp av cuppen, frivillige og A-laget. Legg oss til med brukarnamnet : sogndalfotball

Appen:

app.png

Lerum Cup-appen er ein lett måte å få informasjon under cuppen. Her finn du  programmet, kart, bussruter, bileter og mykje anne. Det er også her det vil komme info om endringar og ellers viktig informasjon.

Last den ned og ha alt du treng i bukselomma. Den er tilgjengleg på både iPhone og android. 

Last den ned her!

Appstore

Google play

 

 

Bruk buss under Lerum Cup

Buss (3).jpg

Hovedutgangspunktet for bussane er ved Ingafossen i Sogndal som ligg ved Sogndal Stadion. For dei som bur på Kaupanger: for tider utenom direktebuss, må de nytte bussar og overgang via Sogndal. Sjå rutetabell.

Bussane stoppar elles ved desse overnattingsstadane: Gravensteinsgata Sogndal Sentrum, Sogndal Folkehøgskule (Vandrarheimen), Hafslo sentrum, og Vesterland.

All transport med bussane er gratis for dei med deltakarkort. 

Me oppmodar alle lag om å vere ute i god tid. Dette gjeld særskild lag som skal flytte seg frå ein arena til ein annan. 

Last ned bussrutene her.

Betal med VIPPS på Moane under Lerum Cup

Hafslo IL tilbyr for første gong VIPPS som eit betalingsalternativ i kioskane under Lerum Cup. Har du VIPPS på mobilen, kan du søkje på "Hafslo Idrettslag" eller VIPPS-nummer 114316.

Det er også mogleg å betale med kontantar og kort som tidligare. NB: For dei som vil betale med kontantar, oppmodar me at de nyttar minibank i Sogndal eller Hafslo sentrum før de kjem til Moane.