draft

Foreldreovernatting 2017

Studenthybler i Sogndal som kan leigast i samband med Lerum Cup 2017.

Leige gjeld frå torsdag 29.juni til søndag 2.juli.

Dette overnattingstilbudet er for foreldre som ønskjer enkel innlosjering, og har problem med å skaffe seg overnatting under Lerum Cup 2017.

Det kan maks bu 2.stk pr. hybel, prisen er kr.1500,- ( prisen er lik om det bur 1 eller 2 personar i hybelen, men spesifiser antal som skal bu i hybelen når du har kjøpt produktet på mail til: lerumcup@sogndalfotball.no (dette pga av brannsikkerhet og at vi som arrangør må vite eksakt antal pr.hybel)

Om Hyblane:
Hyblane høyrer til større hus/blokk som til vanleg blir nytta av studentar.

* Studentheimen: http://www.sisof.no/studentheimen/

* Stedjeåsen: http://www.sisof.no/stedjesen/

* Elvatunet: http://www.sisof.no/elvatunet/

Pr.dags dato har vi 40 disponible hyblar som er fordelt på plassane ovanfor, der vi fordeler der det er ledig kapasitet.

Lerum Cup ønskjer å presisere at hyblane som me leiger ut er tomme rom utan inventar( utan seng/madrass ). Hyblane har tilgang på bad, dusj og enkle kjøkkenfasilitetar som du delar med andre som bur i same hybelhus. Dette betyr at liggeunderlag/sovepose ect må medbringast sjølv.

I utleigeperioden vil det også bu studentar i desse hybelhusane( Studentheimen, Stedjeåsen og Elvatunet)

For dei av dykk som ønskjer å bu i same området( same hybelhus) spesifiser også dette på mail etter du har kjøpt produktet.

Fordeling av hyblar er klart torsdag 1.juni og vil bli sendt ut pr.mail til dei som har kjøpt dette produktet.

Trykk på link under for å kjøpe dette produktet:

 http://sogndalfotball.ticketco.no/foreldreovernatting_lerum_cup_2017

 

Informasjon om Lerum Cup 2017

Lerum Cup blir arrangert 30. juni til 2.juli 2017

Jobben med å gjere Lerum Cup 2017 til ei minnerik helg for alle er i gang. Påmelding er som kjent open, januar og februar blir brukt til å fornye cupen, det er mykje som skal på plass før turneringa startar i slutten av juni. Heimesida blir oppdatert fortløpande, mellom anna blir det jobba med å oppdatere spelreglement for 2017, grunna nye spelformer i Lerum Cup 2017.

Under kan ein lese kva spelformer me tilbyr i dei ulike klassane.:

7-ar fotball

Gutar og Jenter 10år, fødde etter 01.01.2007
Gutar og Jenter 11år, fødde etter 01.01.2006
Gutar og Jenter 12år, fødde etter 01.01.2005
Gutar og Jenter 13år, fødde etter 01.01.2004
Gutar og Jenter 14år, fødde etter 01.01.2003

9-ar fotball

Gutar og Jenter 12 år, fødde etter 01.01.2005
Gutar og Jenter 13 år, fødde etter 01.01.2004
Gutar og Jenter 14 år, fødde etter 01.01.2003

Informasjon om deltakarkort:

For å delta på Lerum Cup 2017 må alle spelarar ha synlig deltakarband på arm. Spelarar kan velje mellom A-kort og B-kort. Under forklarar me kva dei ulike korta inneheld.

A-Kort: Deltaking- Overnatting skule- Alle måltider- T-skjorte- Diplom- Busstransport- diskotek- Rabatt på kino
B-Kort: Deltaking- T-skjorte- Diplom- Busstransport- Diskotek- Rabatt på kino

F-Kort: Gjeld kun for trenarar, leiarar, foreldre. Dette kortet inneheld det same som A-kort bortsett frå deltaking (spel under cupen) 

Lag som skal overnatte på skule skal ha med seg minimum 1 vaksen som overnattar saman med laget. Den/dei treng då F-kort.

Aktivitetskort: Nytt av året, kort ein kan nytte i til uilke aktivitetar. Innhald i dette jobbar me med. Blir presentert når innhald er klart.
 

Informasjon om innsjekking og kamptider:

Innsjekk for deltakarlag startar torsdag ettermiddag, det er viktig for oss som arrangør at laga kjem torsdag, då turneringa startar fredag morgon. Siste åra har turneringa vore fullbooka, og alle lag spelar to kampar fredag, derfor er det vanskeleg for oss som arrangør og etterleva ønskjer frå lag som vil kome fredag, og spele kamp på kveld. I praksis betyr det at alle påmeldte lag må belage seg på å få kamptid fredag morgon/føremiddag.

I 2017 vert det fylgjande kamptider: Med førehald  om små justeringar

·       Fre. kl. 08.00– 21.00

·       Laur. kl. 08.00 – 20.00

·       Søn. kl. 08.00 – 16.00

Me har dei siste åra opplevd så stor pågang at vi ikkje har kunne ta med alle laga. Derfor er det viktig å vere ute i god tid. Enkelte klassar fyller seg fort opp.

Og det er viktig å hugse på at påmeldinga IKKJE er gyldig før betaling av påmeldingsavgifta er registrert.

Som nemnt tidlegare jobbar me med å oppdatere heimesida vår. Påmelding er open og prisar og klassar er oppdatert. Utover vinteren vil det kome meir informasjon på vår heimeside.

Velkomen til Lerum Cup 2017