Foreldreovernatting 2017

Studenthybler i Sogndal som kan leigast i samband med Lerum Cup 2017.

Leige gjeld frå torsdag 29.juni til søndag 2.juli.

Dette overnattingstilbudet er for foreldre som ønskjer enkel innlosjering, og har problem med å skaffe seg overnatting under Lerum Cup 2017.

Det kan maks bu 2.stk pr. hybel, prisen er kr.1500,- ( prisen er lik om det bur 1 eller 2 personar i hybelen, men spesifiser antal som skal bu i hybelen når du har kjøpt produktet på mail til: lerumcup@sogndalfotball.no (dette pga av brannsikkerhet og at vi som arrangør må vite eksakt antal pr.hybel)

Om Hyblane:
Hyblane høyrer til større hus/blokk som til vanleg blir nytta av studentar.

* Studentheimen: http://www.sisof.no/studentheimen/

* Stedjeåsen: http://www.sisof.no/stedjesen/

* Elvatunet: http://www.sisof.no/elvatunet/

Pr.dags dato har vi 40 disponible hyblar som er fordelt på plassane ovanfor, der vi fordeler der det er ledig kapasitet.

Lerum Cup ønskjer å presisere at hyblane som me leiger ut er tomme rom utan inventar( utan seng/madrass ). Hyblane har tilgang på bad, dusj og enkle kjøkkenfasilitetar som du delar med andre som bur i same hybelhus. Dette betyr at liggeunderlag/sovepose ect må medbringast sjølv.

I utleigeperioden vil det også bu studentar i desse hybelhusane( Studentheimen, Stedjeåsen og Elvatunet)

For dei av dykk som ønskjer å bu i same området( same hybelhus) spesifiser også dette på mail etter du har kjøpt produktet.

Fordeling av hyblar er klart torsdag 1.juni og vil bli sendt ut pr.mail til dei som har kjøpt dette produktet.

Trykk på link under for å kjøpe dette produktet:

 http://sogndalfotball.ticketco.no/foreldreovernatting_lerum_cup_2017