Innsjekk

No nærmar det seg Lerum Cup 2018. Det heile startar med innsjekk i Sognahallen på fredag frå 18:00 til 23:00. Her vil de få utdelt cupposar til laget ditt. I desse finn de Deltakarkort (A/B/F), T-skjorter, Stao no pao-magasinet, informasjon om underhaldning- og  restauranttilbod, Lerumsaft og anna. 

Matkort

Under innsjekken kan laget eller enkeltpersonar kjøpe seg matkort for helga. Ein kan kjøpe kort for heile helga eller for enkeltmåltid.

Prisar:
Vaksen 200,-
Born (16år) 150,-
Frukost 75,-

Parkering

Når de kjem til Sogndal for innsjekk er det fleire parkeringsplassar de kan nytte. Ingafossen og parkeringskjellaren på Fosshaugane Campus er i umiddelbar nærheit til Sognahallen. I tillegg finn du eit parkeringshus under studenboligane på andre sida av elva frå hallen, og nokre parkeringsplassar mellom Sogndal VGS og svømmebassenget. (Sjå kart)

Kart Fosshaugane Campus Sogndal 2018.png