OBOSliga-kamp mellom Sogndal-Skeid under Lerum Cup

Eitt av høgdepunkta under Lerum Cup er fotballfesten på Fosshaugane Campus med A-laget vårt i aksjon. 

-       Me gler oss alltid spesielt til å spela kamp på Fosshaugane under Lerum Cup. Det er fotballfest i heile bygda, og på stadion er det alltid mykje folk og bra trøkk under desse kampane. Det er heilt klart eitt av årets store høgdepunkt, seier trenar Eirik Bakke

Årets motstandar er eit lag me ikkje har møtt på mange år. Det er ti år sidan Oslo-laget var på besøk, i juli 2009. Då vann me 2-1, etter at Tarjei Dale skåra to mål. Då me møtte dei i Oslo enda det 1-1.

Skeid rykka opp til OBOS-ligaen til årets sesong etter ein god sesong i fjor, og dei har so langt i år levert bra med avansement i cupen og grei poengsanking i serien. På sidelinja har dei ein av dei største fargeklattane i norsk fotball, trenar Tom Nordlie.

Me gler oss til fotballfest og eit spennande oppgjer på Fosshaugane!

SOGNDAL – SKEID

Søndag 23. juni kl.18:00, Fosshaugane Campus

Kjøp din kampbillett på sogndalfotball.no

Forrige
Forrige

Bli med Juniorsvingen på kamp!

Neste
Neste

Lerum Cup 2019