framside

OBOSliga-kamp mellom Sogndal-Skeid under Lerum Cup

Eitt av høgdepunkta under Lerum Cup er fotballfesten på Fosshaugane Campus med A-laget vårt i aksjon. 

-       Me gler oss alltid spesielt til å spela kamp på Fosshaugane under Lerum Cup. Det er fotballfest i heile bygda, og på stadion er det alltid mykje folk og bra trøkk under desse kampane. Det er heilt klart eitt av årets store høgdepunkt, seier trenar Eirik Bakke

Årets motstandar er eit lag me ikkje har møtt på mange år. Det er ti år sidan Oslo-laget var på besøk, i juli 2009. Då vann me 2-1, etter at Tarjei Dale skåra to mål. Då me møtte dei i Oslo enda det 1-1.

Skeid rykka opp til OBOS-ligaen til årets sesong etter ein god sesong i fjor, og dei har so langt i år levert bra med avansement i cupen og grei poengsanking i serien. På sidelinja har dei ein av dei største fargeklattane i norsk fotball, trenar Tom Nordlie.

Me gler oss til fotballfest og eit spennande oppgjer på Fosshaugane!

SOGNDAL – SKEID

Søndag 23. juni kl.18:00, Fosshaugane Campus

Kjøp din kampbillett på sogndalfotball.no

Lerum Cup 2019

Cupeventyret i Sogn!

Det skal handla om fotball desse dagane, men også samhald, hygge, sol og saft. Dei siste vekene har cupgeneral Mikkel Frodahl lagt kabal - ein logistikkabal. For det er storinnrykk i bygda når om lag 246 fotballag skal samlast. Overnatting- og kampoppsett er sendt ut på mail til alle deltakarar. Det same er reglement og annan praktisk informasjon.

Du kan også finne nyttig informasjon i Appen «Lerum Cup».

Stao No Pao-magasin

I samarbeid med Sogn Avis gir me ut Stao No Pao-magasinet. Dette vil bli distribuert til over 24.000 hustandar i Sogn og omegn. Ein kan forvente å få magasinet i posten torsdag 20. juni. Frå denne datoen vil også magasinet vere tilgjengeleg digitalt på Sogn Avis sine heimesider. 
Stao No Pao-magasinet vil innehalde informasjon om klubben og bygda, samt praktisk informasjon om Lerumcup helga. 

Stor aktivitet i Saftbygda denne helga

Denne helga er det aktivitet for alle og ein kvar, ikkje berre fotballspelarar. Det vert høve til å vere med på fleire ulike sosiale arrangement under cupen. Området "Leik og moro” på Kvåle vil vere ope gjennom heile helga. Her vil det vere stor aktivitet for små og store. 

Lustrabadet er ope, og på laurdag held butikkane i Sogndal nattope.

Sogndal Kulturhus har og sett opp eit godt kinoprogram. Deltakarar på Lerumcup får kinobillett for berre kr 60,- Sjå kinoprogrammet her

OBOSligaen: Sogndal - Skeid

Søndag 23. juni spelar Sogndal kamp mot Skeid kl.18:00. 
Ta med deg familien og skap god stemning på Fosshaugane.
Kjøp din kampbillett her

Fotballdart er ein av dei kjekke aktivitetane på kvåle.

Fotballdart er ein av dei kjekke aktivitetane på kvåle.

Program

21.06 Fredag
09-22:00 TIVOLI I SENTRUM ER OPE
10-19:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR I SENTRUM ER OPE
15-20:00 INTERSPORT TELT I SENTRUM ER OPE
18-23:00 INNSJEKK FOR LERUMCUP-DELTAKARAR I SOGNAHALLEN
19-23:00 KVELDSMAT I HØGSKULEKANTINA

22.06 LAURDAG
06:30-10:00 FRUKOST I HØGSKULEKANTINA
08-20:00 LERUM CUP-KAMPAR I SOGNDAL, HAFSLO OG KAUPANGER
09-22:00 TIVOLI I SENTRUM ER OPE
10-21:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR I SENTRUM HELD KVELDSOPE
10-21:00 INTERSPORT SITT SALSTELT ER OPE I SENTRUM
11-17:00 LEIK OG MORO PÅ KVÅLE
16-21:00 MIDDAG I HØGSKULEKANTINA: TACO
19-22:00 DISKOTEK FOR CUPDELTAKARAR PÅ SOHO (QUALITY HOTEL SOGNDAL)

23.06 SØNDAG
06:30-10:00 FRUKOST I HØGSKULEKANTINA
08-19:00 LERUM CUP-KAMPAR I SOGNDAL, HAFSLO OG KAUPANGE
09-17:00 TIVOLI I SENTRUMSPARKEN ER OPE
11-17:00 LEIK OG MORO PÅ KVÅLE
11-17:00 INTERSPORT SITT SALSTELT ER OPE I SENTRUM
12-16:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR HELD SØNDAGSOPE
16-21:00 MIDDAG I HØGSKULEKANTINA: LASANGE
20-22:00 OBOS-LIGAKAMP: SOGNDAL - SKEIDKjøp din billett på sogndalfotball.no

24.06 MÅNDAG
06:30-10:00 FRUKOST I HØGSKULEKANTINA
08-18:00 LERUM CUP-KAMPAR I SOGNDAL, HAFSLO OG KAUPANGER
10-19:00 AMFI SOGNINGEN OG FLEIRE BUTIKKAR I SENTRUM ER OPE
10-15:00 INTERSPORT TELT I SENTRUM ER OPE
11-15:00 LEIK OG MORO PÅ KVÅLE

Kart over cupområdet 2019

Kart over cupområdet 2019

Spørsmål om cupen? Ta kontakt:

Telefon 57 62 90 90 (Kontortid kl.10-15)

E-post: lerumcup@sogndalfotball.no

Instagram: @lerumcup.fotball

Bruk buss under Lerum Cup

Buss (3).jpg

Hovedutgangspunktet for bussane er ved Ingafossen i Sogndal som ligg ved Sogndal Stadion. For dei som bur på Kaupanger: for tider utenom direktebuss, må de nytte bussar og overgang via Sogndal. Sjå rutetabell.

Bussane stoppar elles ved desse overnattingsstadane: Gravensteinsgata Sogndal Sentrum, Sogndal Folkehøgskule (Vandrarheimen), Hafslo sentrum, og Vesterland.

All transport med bussane er gratis for dei med deltakarkort. 

Me oppmodar alle lag om å vere ute i god tid. Dette gjeld særskild lag som skal flytte seg frå ein arena til ein annan. 

Last ned bussrutene her.

Innsjekk

No nærmar det seg Lerum Cup 2019. Det heile startar med innsjekk i Sognahallen på fredag frå 18:00 til 23:00. Her vil de få utdelt cupposar til laget ditt. I desse finn de Deltakarkort (A/B/F), T-skjorter, Stao no pao-magasinet, informasjon om underhaldning- og  restauranttilbod, Lerumsaft og anna. 

Matkort

Under innsjekken kan laget eller enkeltpersonar kjøpe seg matkort for helga. Ein kan kjøpe kort for heile helga eller for enkeltmåltid.

Prisar:
Vaksen 200,-
Frukost 100,-

Parkering

Når de kjem til Sogndal for innsjekk er det fleire parkeringsplassar de kan nytte. Ingafossen og parkeringskjellaren på Fosshaugane Campus er i umiddelbar nærheit til Sognahallen. I tillegg finn du eit parkeringshus under studenboligane på andre sida av elva frå hallen, og nokre parkeringsplassar mellom Sogndal VGS og svømmebassenget. (Sjå kart)

Kart Fosshaugane Campus Sogndal 2018.png

Lurt å pakke med seg på cup

Fotballutstyr:

– Fotballsko
– Leggskinn
– Shorts
– Strømper
– Keeperhansker til keeper
– Drakt
– Treningsdress
– Drikkeflaske
– Ekstra treningsklær
– Bag/tursekk til å ha med på arenaene
- Sportstape

Til overnatting:

– Liggunderlag/madrass
– Sovepose
– Pute

Fritid:

- Håndklær
– Tannbørste/tannkrem
– Antibac
– Lett jakke
– Plastpose til skittentøy
– Allergimedisin
– Regntøy
– Såpe/shampo
– Solkrem
– Joggesko
– Undertøy
– Slippers/innesko
– Sokker
– T-skjorter
– Shorts
– Badetøy
– Bukser etter behov
– Gensere/skjorter etter behov
– Mobiltelefon og lader
– Lommepenger til eget forbruk
– Kortstokk / reisespill