Foreldreovernatting Lerum Cup

Studenthybler i Sogndal som kan leigast i samband med Lerum Cup 2018.

Leige gjeld frå fredag 22.juni til og med mandag 25. juni.

Overnattingstilbodet er for foreldre som ønskjer enkel standard, men med sin eigen plass. 

Det kan kun bu 2.stk pr. hybel.
Prisen er kr.1650,- (samme pris for 1. og 2. stykk)

Om hyblane:

Hyblane høyrer til større hus/blokk som til vanleg blir nytta av studentar.
* Studentheimen: https://www.sammen.no/no/sogndal/bolig/studentheimen
* Stedjeåsen: https://www.sammen.no/no/sogndal/bolig/stedjeasen
* Elvatunet: https://www.sammen.no/no/sogndal/bolig/elvatunet 
* Elvatunet 1: https://www.sammen.no/no/sogndal/bolig/elvatunet-1 
* Møllevegen:https://www.sammen.no/no/sogndal/bolig/mollevegen

Lerum Cup ønskjer å presisere at hyblane som me leiger ut er tomme rom utan inventar (utan seng/madrass ). Hyblane har tilgang på bad, dusj og enkle kjøkkenfasilitetar som du delar med andre som bur i same hybelhus. Dette betyr at madrass/sengetøy e.l. må medbringast sjølv.

I utleigeperioden vil det også bu studentar i desse hybelhusane (Studentheimen, Stedjeåsen og Elvatunet)

For dei av dykk som ønskjer å bu i same området (same hybelhus) spesifiser også dette på mail etter du har kjøpt produktet, så skal me gjere så godt me kan for å ordne det. 

Fordeling av hyblar er klart fredag 1.juni og vil bli sendt ut pr.mail til dei som har kjøpt dette produktet.

Kjøp her
 


Camping under Lerum Cup 2018

Me har fått i stand ei avtale med Stedje Camping i Sogndal, som vil ha moglegheit til å ta imot campingvogner og biler, samt folk som vil nytte telt til overnatting. Stedje Camping ligg idyllisk til på sjøkanten med kort veg til alle fasiliteter i Sogndal.

For booking av plass ta kontakt med Stedje Camping på mail: stedje.cupcamp@gmail.com 

 

Anna overnatting

Sjekk ut  www.sognefjord.no og www.airbnb.no
Der finn ein ulike overnattingsalternativ  i Indre Sogn (søk på  Luster Kommune og Sogndal Kommune).

Ønskjer du å leige privat bustad som hus eller leilighet anbefalar me deg å sjekke ut vår facebook side ved å like lerum cup. Her er det ein del private som leiger ut sin heim under årets Lerum Cup