Kven, kva, kor?

Lurer du på meir? LAST NED LERUM CUP-APPEN og hald deg oppdatert under heile turneringa. Last ned her.

Røde Kors er på plass på dei ulike kamparenaene. Turneringa har eigen lege. Oppstår det akutt sjukdom
etter kampane, på kveld- eller natterstid, ringjer ein legevakt tlf. 116 117

HITTEGODS.jpg

All hittegods vil under turneringa verta lagt inn til sekretariatet. Etter turneringa kan ein spørja etter hittegods på telefon 57 62 90 90 Merk alt med namn, adresse og telefonnummer!

OVERNATTING.jpg

Alle skulane har eigne vertar. Desse er til for at du skal få ei trygg og god overnatting. Er de nok de manglar, tek de direkte kontakt med dei.

SEKRETARIAT.jpg

Alle førespurnader i samband med turneringa skal rettast til sekretariatet. Telefon: 57 62 90 90 Under turneringa finn du sekretariatet i Sognekrafttribuna på Fosshaugane Campus og på Hafslo.

SNAPCHAT.jpg

Følg oss på SnapChat! Brukernamn: sogndalfotball. Her kjem det daglege oppdateringar frå både spelarar, trenarane og støtteapparatet. Bli med på innsida av Sogndal Fotball og sjå kva me driv med i kvardagen! Kontoen vert styrt av ulike personar på sport.

TRANSPORT.jpg

All transport til og frå banene og skulane brukt til overnatting, er gratis for alle deltakarar og lagleiarar
som har deltakarkort. Bussane er merkte som turneringsbussar og går etter eigen ruteplan. Me oppmodar alle til å nytta seg av det kollektive tilbodet. Det er fornuftig når det gjeld trafikksikkerheita, trafikkflyten og miljøet. Informasjon om busstider og haldeplassar kan de finne her eller på oppslagstavlene på alle arenaer.

MAT.jpg

Frukost vert servert i gymsalen på Kaupanger . I Sogndal blir det servert i HiSF kantina. Vertskapet ditt informerer. Dette gjeld for dei som overnattar på dei ulike skulane. Middag vert servert fredag og laurdag i HiSF-kantina på Høskulebygget tilknytta Fosshaugane Campus, for alle med deltakarkort A , uansett kvar dei bur. Sjå eigen info for kvar enkelt skule. Det er kiosk på alle kamparenaer.