Når er Lerum Cup?
Kampane på Lerum Cup startar laurdag 23. juni kl. 08:00 og vert avslutta mandag 25.juni på ettermiddagen.  
Innsjekk av laga som skal ha overnatting på skule vil dere fredag 22. juni frå kl. 18:00. 

Når er siste frist for påmelding lag?
Påmeldingsfrist er 1.mai 2018

Når er frist for innmelding av deltakarkort?
Frist for innmelding av deltakarkort er 20. mai 2018. 
Det er først når me veit kva deltakarkort dei ulike laga skal ha, me kan starte med overnattixgskabalen. 

Når får lag vite kva skule ein skal bu på?
Lag som bestiller A-kort blir tildelt overnatting på skule i starten av juni.
Lag frå same klubb blir i utgangspunktet fordelt på same skule. 
I 2018 nyttar me skular i Sogndal og på Kaupanger.

Når kjem kampoppsettet?
Kampoppsettet kjem som regel første veka i juni, men dette avhenger av at lag opprettheld tidsfristar for påmelding og betaling.

Spelreglement
Det er viktig at lagleiar og trenarar set seg inn i Lerum cup sitt spelreglement 2018 før påmelding. 


Informasjon om deltakarkort: 
For å delta på Lerum Cup må alle spelarar ha synleg deltakararmbånd. 

A-kort: Overnatting på skule - busstransport - alle måltider - t-skjorte - medalje - diskotek
B-kort: Busstransport- t-skjorte - medalje - diskotek

F-kort: Gjeld for trenarar, leiarar og foreldre som vil overnatte på skule med laga. Kortet inneheld overnatting og alle måltider. Lag med overnatting på skule må ha med minimum 2 vaksne som sover med laget (disse treng F-kort


Kor blir kampane spelt?
Banene for 7ar fotball er på omlag 40 x 60 meter og ligg i Sogndal, Hafslo og Kaupanger.
9ar fotball  for 13/14 år vert spela frå 16m til 16m på store baner, med 11 ar mål, banene ligg i Sogndal, Kaupanger, og Hafslo.

9ar fotball  for 12 år vert spela frå 16m til 16m på store baner, med 7 ar mål, banene ligg i Sogndal, Kaupanger,  og Hafslo.

Kampane blir spelt både på naturgras og kunstgras.

All transport til og frå banene og skulane brukt til overnatting, er gratis og går etter eigen ruteplan.

Avstandar mellom dei ulike banene?
Dette finn du i fana Cupinfo og Kart