Når er Lerum Cup?
Lerum Cup er helga 30.6 til 2.7. 2017. Innsjekk  er  frå torsdag ettermiddag (29.6) , sjølve turneringa startar fredag morgon frå 08:00 og varar fram til søndag ettermiddag. 

Når er siste frist for påmelding lag?
Påmeldingsfrist er 1.mai 2017

Når er frist for betaling av deltakarkort?
Frist for innmelding av deltakarkort er 20. mai 2017. Når me veit kva lag/deltakarar som har bestillt A eller B kort startar me jobben med å fordelde dei ulike laga som skal overnatte på skule(A kort)

Når får lag vite kva skule ein skal bu på?
Lag som bestiller deltakarkort A blir tildelt overnatting på skule i starten av juni. Lag frå same klubb blir fordelt på same skule. 

I 2017 nyttar me skular i Sogndal og på Kaupanger.

Når kjem kampoppsettet?
Kampoppsettet kjem som regel første veka i juni, men dette avhenger av at lag opprettheld tidsfristar for påmelding og betaling.

Spelreglement
Det er viktig at lagleiar og trenarar set seg inn i Lerum cup sitt spelreglement 2017 før påmelding. 

Kor blir kampane spelt?
Banene for 7ar fotball er på omlag 40 x 60 meter og ligg i Sogndal, Hafslo og Kaupanger.
9ar fotball  for 13/14 år vert spela frå 16m til 16m på store baner, med 11 ar mål, banene ligg i Sogndal, Kaupanger, og Hafslo.

9ar fotball  for 12 år vert spela frå 16m til 16m på store baner, med 7 ar mål, banene ligg i Sogndal, Kaupanger,  og Hafslo.

Kampane blir spelt både på naturgras og kunstgras.

All transport til og frå banene og skulane brukt til overnatting, er gratis og går etter eigen ruteplan.

Avstandar mellom dei ulike banene?
Dette finn du i fana Cupinfo og Kart.

Informasjon om deltakarkort:

For å delta på Lerum Cup 2017 må alle spelarar ha synlig deltakarband på arm. Spelarar kan velje mellom A-kort og B-kort. Under forklarar me kva dei ulike korta inneheld.

A-Kort: Deltaking- Overnatting skule- Alle måltider- T-skjorte- Diplom- Busstransport- diskotek- Rabatt på kino
B-Kort: Deltaking- T-skjorte- Diplom- Busstransport- Diskotek- Rabatt på kino

F-Kort: Gjeld kun for trenarar, leiarar, foreldre. Dette kortet inneheld det same som A-kort bortsett frå deltaking (spel under cupen) 

Lag som skal overnatte på skule skal ha med seg minimum 1 vaksen som overnattar saman med laget. Den/dei treng då F-kort.