Aktivitetspark i Sogndal sentrum

4 bungeerun-1.jpg

I år kan me tilby ein innholdsrik og spanande aktivitetspark der deltakarar, familie og vener kan boltre seg mellom kampane.

Du finn tivoliet i sentrumsparken og framfor Kulturhuset.

Parken tilbyr desse aktivitetane:

Fotballdart

Går du for bulls-eye eller trippel 20? På denne gigantiske dartskiva kan du utfordre både kompisgjengen, mor eller bestemor og resten av Lerum Cup. Kven har den mest presise pasningsfoten? Høgste poengsum vert premiert i pausa på eliteseriekampen mellom Sogndal og Aalesund.

 

Hoppeslott

Lerum Cup stiller opp med vestlandets største hoppeslott. Her kan du boltre deg i heile 50 kvadratmeter med sklier og hopp. Passar frå 7år og oppover.

 

Surferodeo

Den klassiske rodeo-oksen er bytt ut med eit surfebrett. Hald balansen så lenge du klarer på dette spinnville brettet. Her skal cupens beste surfar kåras, er det deg?

 

Bungeerun

Spring så langt du kan før strikken dreg deg tilbake. Her kan du konkurrere med kompisen eller venninna di. Kven kjem lengst? Passar alle aldre. 

 

Boksering

Med megastore boksehanskar kan du denge i vei på enten venninna eller far din. Eller kanskje du har noko uoppgjort med naboen? Her kan du utfordre kven du vil til ei real batalje. 

 

Sumofotball

Kanskje du har lurt på korleis sumobrytarar spelar fotball? Nå har du moglegheit til å testa sjølv. Tre på deg sumodrakta å utfordre ein annan vennegjeng. 3 mot 3. Sumofotball passar for både born og vaksne.

 

Fotballradar

Skyt du hardast i vennegjengen? eller er det å Ronaldo som er målet? Test ei gong for alle kven som skyt hardast. Passar for alle.

 

FIFA-turnering

Viss Sogndal nokon gong kan slå Barcelona, så er det i FIFA. Her bestem du sjølv lag og utfordrar. 

Kampane blir spelt i 2x4min. Passar for alle aldra. 

+ mykje mykje meir

 

Aktivitetsparken held ope  

Torsdag 17-22

Fredag 10-22

Lørdag 10-19

Søndag 10-14